Til hovedinnhold Direktoratet for medisinske produkter Direktoratet for medisinske produkter

Melding om apoteka sine opningstider

Publisert:

|

Oppdatert:

Endringer

Apotek skal melde opningstider til Direktoratet for medisinske produkter, og har plikt til å informere kundar og lokal helseteneste om dagar apoteket har stengt eller innskrenka opningstider.

Apotek melder frå til DMP om opningstider i samband med søknad om apotekkonsesjon og ved alle seinare endringar i opningstidene. Melding om endring i opningstidene skal meldast på e-post til apotek@dmp.no.

Apoteket må se til at kundar og den lokale helsetenesta er godt informert ved kortvarig innskrenking av opningstida, for eksempel på grunn av høgtider eller ombygging av lokala. Apoteket må òg vurdere om redusert opningstid har mykje å seie for legemiddelforsyninga. Det avhenger av om andre apotek i nærleiken har ope og stenging av (alle) apotek i samband med langhelger (jul, påske) i område utan apotekvaktordning.

Når eit apotek vel å halde stengt julafta, nyttårsafta og/eller påskeafta kvart år, vert dette rekna som normal opningstid for apoteket. Apoteka skal ikkje søkje om å halda stengt på slike dagar, men den lokale helsetenesta og publikum skal på hensiktsmessig måte bli orientert om opningstidene, medrekna kortvarig stenging av apoteket..

Lovverk: apoteklova § 5-2 og apotekforskrifta § 25