Gå rett til innhold
 
Utskriftsvennlig side
Du er her: Forsiden / Blå resept og refusjon / Blåreseptinformasjon for helsepersonell / Refusjonsnyheter / Refusjonsnyheter 2010 / Xamiol (betametasondipropionat og kalsipotriolmonohydrat) på blå resept frå 1. mai 2010

Xamiol (betametasondipropionat og kalsipotriolmonohydrat) på blå resept frå 1. mai 2010

Frå 1. mai kan Xamiol skrivast ut på blå resept for pasientar med psoriasis i hovudbotnen. Preparatet er ein gel og inneheld verkestoffa betametasondipropionat og kalsipotriolmonohydrat.

Etter ei totalvurdering meiner Legemiddelverket at Xamiol® kan vere eit behandlingsalternativ som vil kunne tilfredsstille eit behov i behandlinga av psoriasis i hovudbotnen.  Dette på grunnlag av at nokon pasientar kan finne gelformuleringa enkel å bruke (ei dagleg dosering og ei enklare form). Når det gjeld effekt i forhold til eksisterande produkt innanfor psoriasis i hovudbotnen er det ikkje føretatt nokon konklusjon frå Legemiddverket si side, dette på grunn av usikkerheitar i forhold til dokumentasjon. Etter ein prisreduksjon og på bakgrunn av at psoriasisbehandling i stor grad vert styrt av blant anna pasienten si eiga vurdering av behandlinga og behandlingsalternativ antek Legemiddelverket at effekten av Xamiol® står i eit rimeleg forhold til kostnadane ved behandlinga.

Kontaktpersoner

Kristin Tjønn, forskar
Tlf: 22 89 75 20
kristin.tjonn[at]legemiddelverket.no
Avdeling for legemiddeløkonomi

Kristin Helene Svanqvist, seksjonssjef
Telefon: 22 89 75 86
kristin-helene.svanqvist[at]legemiddelverket.no
Seksjon for legemiddelrefusjon


Sist gjennomgått: 01.06.2010
Første gang publisert: 01.06.2010